Omtale
Den forunderlige historia om Valdemar Blå og reisa gjennom havet
Den vesle fisken i hovudrolla er ein berggylte-gut, som synest livet på havbotnen er keisamt utan søsken og utan far. Faren kjem aldri meir att, seier mamma. Men Valdemar Blå vil av stad og finne han, og den einaste som kan ta han med dit pappa er, det er den varme og søte Golfstraumen. Reisa er veldig farleg, men dei legg i veg likevel. Over den skumle Grisetangskogen, fram mot det store Juvet og forbi den farlege Vulkanen.