LK20 (Fagfornyinga) er godt nytt for historiefaget. Med den nye læreplanen kan vi lærarar gjere faget relevant og meiningsfullt for elevane på ein heilt annan måte enn før.
Historie på tvers for vg2 er ei lærebok med 30 temakapittel. 14 av temakapitla utgjer kjernen som er definert av kompetansemåla, dei 16 andre temakapitla er til variasjon, fordjuping, lokaltilpassing og prosjekt.
Elevane kan også høyre tekstane rett i øyreproppene, ved å skanne QR-kodene i kvart kapittel med mobilane sine.