Alle dei vaksne i Tullevik gler seg til at den populære kjendisen skal komma til bygda og synga for dei. Men det er berre Mo som veit at kjendisen har ramla ned i ei bratt grop i skogen og verken har mobil eller nokon til å hjelpa seg. Dette skal han visa til Unn, som han er så innmari forelska i!
Kjendisen er Rune Belsvik på sitt beste. Umiskjennelig, spennande, varm og hylande morosam.