I debuten til Knut Olav Homlong oppdagar ein familiefar at enkle oppdrag kan verte uoverkomelege.
"Romklang" er ein roman om ein mann og ein frist, eit heimekontor og ei ubetydeleg løgn. I ei skrift som sporar av (inn mellom flyseta, inn i resepsjonen på campingplassen) målar Homlong fram ei lett vridd verd, der avstandane er små mellom oppvekst og notid og mellom mørker og kjølig humor.