Då skodespelarinna Elena Vendrakovic 69 år gamal blir sparka frå Det Slovakiske Nationalteateret, bestemmer ho seg for å aksjonere med Bratislava som scene. "Vendrakovic" er ein inspirert og fandenivoldsk roman om ei kvinne som ikkje vil la seg definere av alder. Eirik Ingebrigtsen (f. 1975) er frå Os, og er busatt i Oslo. Han debuterte i 2001 med romanen "Vesen", og gav i 2003 ut "Snø dempar lyd, tre lukkar inne". "Vendrakovic" er hans tredje roman.