Jolver kjedar seg. Han går ned til Bob. Han håpar at søskenbarnet til Bob ikkje er der. Søskenbarnet bestemmer ofte at Jolver ikkje får vera med å leika. Men i dag spør søskenbarnet om Jolver vil bli med inn i bua. Korfor skal vi i bua? spør Jolver. Der inne står alt Eline. Bob seier Jolver skal få sjå noko stilig. Det er eit blad med nakne damer. Jolver har aldri sett noko så fint før.